| Kva er NETREED?
Eit nettverk av personar og miljø med base i Noreg, som jobbar med
forsking og evaluering knytta til utdanning og utvikling, (med fokus på
"utviklingsland").
Ei internettside
der ein finn samandrag av forskingsprosjekt, evalueringsrapportar, informasjon
om moglegheiter for finansiering til slik forsking, informasjon om aktuelle
konferansar og ei nyhetsside. I tillegg vil det vera lenker til internasjonale
nettverk og andre nettstader, samt til nettverk på beslekta tema i
Norge/Norden.
Ein konferanse
annankvart år, som tener som arena for utveksling av informasjon og
erfaringar for dei som driv forsking og evaluering; og som møtestad
mellom desse og "brukarar" av informasjonen: offentlege myndigheiter,
utdanningsinstitusjonar, frivillige organisasjonar osb.
Eit
nettverksknutepunkt, plassert på Pedagogisk forskningsinstitutt,
Universitetet i Oslo, som har det daglege ansvaret for å driva
nettverket, oppdatera web-sida, arrangera konferansar, og som mottar all
informasjon som folk ønskjer skal spreiast til nettverket.
NETREED er
finansiert av Norges
Forskningsråd og Pedagogisk
Forskningsinstitutt, Universitetet i Oslo.
Mål for
NETREED:
Å
tilretteleggja for at personar som driv forsking og evaluering innan feltet
utdanning og utvikling lærer av kvarandre, unngår duplikering og i
staden dannar ein sterk norsk forskingsbase innanfor dette feltet.
Å laga og
halda oppdatert ei web-side der aktuell forsking og evaluering på dette
temaet blir presentert, og der annan relevant informasjon som er nyttig for
målgruppa også er tilgjengeleg.
Å skapa
møtepunkt - fysisk og virtuelt - for personar i målgruppa.
Å oppretta
kontakt med andre nettverk, serleg i Sør.
Å formidla
kontakt og kunnskap mellom forskingsmiljø og brukarinteresser i Noreg og
i Sør.
Kontakt oss:
NETREED
c/o Pedagogisk Forskningsinstitutt
P.O. box 1092,
Blindern
N-0317 Oslo
Norway
Tel: +47 22 84 47 76 Fax: +47 22 85 42
50
E-mail: t.a.halvorsen@ped.uio.no
|